Historie
Friidrettslag er eit overbyggningslag for junior og seniorfriidrett i Gloppen skipa av moderlaga Breimsbygda IL, Fjellhug Vereide IL, Sandane Turn og IL, Hyen IL og IL Brodd. Laget feira 10 års jubileum i fjor (2000) GFIL har som hovudmålsettjing å gje utøvarane tilbod om kyndige trenarar for dei av utøvarane som ynskjer å utøve sin idrett på eit høgare nivå. Samstundes gje eit tilbod til dei som ynskjer å delta på fellestreningar. GFIL har og forplikta seg til å gje moderlaga hjelp i rekrutteringarbeidet. Gloppen har sterke tradisjonar innan friiidrett. Det er nok å nemne namn som Benedikte, Åge og Arne Indrebø. Bård Sandal, Greta Sårheim, Kjell Ove Hauge, Ole Morten Mardal Elin Isane, Cecilie Rise, Kristin Roset og Bodil Hjelmeseth. Her er mange å ta av. Sidan laget vart skipa i 1990 og fram til år 2000 har GFIL utøvarar tatt tilsaman 87 NM medaljar i Junior og Senior NM. Det i seg sjølv syner ein enorm stabilitet i resultatproduksjonen. Stor takk til trenarar og leiarar som med glede og motivasjon har dreve og framleis driv laget framover. Laget har omlag 200 medlemmer, 20 av desse er aktive på høgare nivå, resten er aktive veteranar, leiarar, trenarar og støttemedlemmer.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar